Eikhaugen Gjestegard ligg vakkert til like ved Bjørnefjorden i Fusa, mellom frukttrær og grøne bakkar og frodige lier. Her nyt vi gode dagar med råvarer hausta og henta i naturen kring oss.
Matoppleving
Her på Eikhaugen, så å seie midt i matfatet sår og haustar vi det vi treng for å dekke til gjestebod. Både frå havet, skogen og fjella kringom i Fusa og sjølvsagt vårt eige "Vetle Hardanger".
Vakker Vestlandsnatur med fjord, skog og fjell kransar kring Eikhaugen Gjestegard. Dette utgjer ein perfekt ramme for avkopling eller munter hygge, enten du er her med kollegaer, vener eller familie.
Gardsbutikken på Eikhaugen er verdt eit besøk i seg sjølv! Nydelige krukker og småflasker fylt med deilige smakar av sommar og sol. Frukta og bæra som vi brukar i våre geleear, safter, syltetøy og alt det andre haustar vi i all hovudsak i frukthagen "Vetle Hardanger".