20161007_180641

Gardsbutikk

Gardsbutikken vår er vel verdt eit besøk. Dei deilige duftane av nysteikte skillingsboller, brød og anna bakvert, dei mange delikate krukkene med nydelig farge,- og berre vent til du opnar glaset....ein ekte, unik og fantastisk smak av friske bær og frukter. I snart 10 år har vi laga smakfulle og lekre krukker og glass med gode råvarer frå hagen, skogen og fjellet.  I tillegg til eigne produkt sel vi også eit eksklusivt utval frå andre lokalmatprodusenter. 


Store og små matsuvenirar er særs ettertrakta, enten som minne, gåve eller til eige bruk og glede. Her er syltetøy, saft, urter, sirupar, oljer og eddikar, frisk og hermetisert frukt og bær i ei rekkje ulike variantar. Alle opningsdagar har vi nybaka brød i ulike variantar og dei etterkvart “verdskjende” skillingsbollane,  som etter sigande skal vere “…store som skjethusvegger!“, og smaker heilt himmelsk. Me tilbyr og lokale ostar, eplemostar og diverse kjøtprodukt. Den gode følelsen ein får av å vere i gardsbutikken, ein følelse av handel "litt sånn i gamledager", ekte smak og ekte glede,- til å ete på plassen eller ta med heim. 
IMG_6502

Opningstider

Opningstider gardsbutikk 


August:
Laurdag 3.
Søndag 4.
Laurdag 10.
Søndag 11.
September:
alle laurdagar 
NB: Gardsbutikken er stengt laurdag 21. september.
Oktober:
laurdag 5. oktober
søndag 6. oktober
laurdag 12. oktober
søndag 13. oktober
laurdag 19. oktober
laurdag 26. oktober: STENGT
November:
alle laurdager
Desember:
alle laurdagar og søndagar fram til jul


 


Laurdagar er butikken open kl 10-14 og søndagar kl 12-16.

Endringar kan kome, så sjekk gjerne før du kjem kjørande langveisfra.
 





 

Produktutval

I gardsbutikken vår har vi omlag 35 ulike gardsmatprodukt laga av råvarer hausta på garden og i skogen og fjella kringom i Fusa. Under finn du eit utvalg av våre produkt med litt bruksanvisning og nokre oppskrifter for kva dei passar saman med.
l%c3%b8vetannsirup
Løvetannsirup

Vi plukker løvetannen langs etter fjord og fjell i Fusa, langt frå veg i urørte lier. Løvetannen vert plukka for hand eit par hektiske veker i mai. Det er berre det gule på løvetannen vi bruker i vår sirup. Sirupen er søt og litt syrlig. Den er god å ha på lappar og vaffler, på ovnsbakt laks (ta 1 ts på laksestykket før du har det i ovnen, litt salt og pepper, bake i 10 minutt). Prøv på viltkarbonader, nam! Løvetannsirup er fantastisk tilbehør til ost (spesielt blåskimmelost).

tranebaergele
Tranebærgele

Nydelig smak av tranebær og ein gule gravensteins epler. Geleen er god som tilbehør til kjøttretter (biff, kjøttkaker) med også kalde kjøttretter (pate, spekemat). God som tilbehør til alle typer ost.

eple- og aquavitgele
Eple- og aquavitgele

Ein god og smakfull gele som passar godt til alle typar ost. Deilig som tilbehør til fugl (kalkun, kylling) og lyst kjøtt som kalv.

eple- og portvinsgele
Eple- og portvinsgele

Med sødmen fra portvinen og den friske og litt syrlige smaken av Gul Gravenstein blir ein kjempegod gele til ost. Både kvitskimmel ostar, blåskimmel og andre smaksostar blir berre rein nytelse saman med portvinsgeleen. Kalv og portvinsgele er fantastisk,- prøv gjerne til biffen også om du vil ha meir sødme enn det ein for eksempel finn i vår rødvinsgele.

r%c3%b8dvinsgele
Rødvinsgele

Kjempegod til alle typer ost. Klassisk tilbehør til biff og er fantastisk tilbehør til torskemiddagen.

rosmaringele
Rosmaringele

Nyplukka rosmarin frå Vetle Hardanger i kombinasjon med Gul Gravenstein blir til smakfull gele. Rosmaringele er mild og fin i smaken.  Nydelig til smaksostar eller til kjøttretter. Prøv som tilbehør til lammeretter.

chilidip
Chilidip

Denne smakfulle og søte dipen/marmeladen passer godt som tilbehør til alle typer ost. Prøv den også på tallerken til grillmat.

rabarbrachutney
Rabarbrachutney

Rabarbrachutneyen er ein søtlig og slitt syrlig og sjølvsagt veldig smakfull smårett. Kjempegod som tilbehør til kvitskimmeloster og andre mjuke kvite oster. Godt tilbehør til grillmat og er ein sjølvskriven gjest på tapasbordet.

rabarbrachutney
Plommechutney

Plommechutneyen er ein smakfull chutney med god sødme av deilige opalplommer. Passer godt som tilbehør til Brie og andre kvite smaksoster. Prøv også til røykt skinke, spekemat og tilbehør til ulike smårettar av kylling og grilla mat.

sylta gresskar
Sylta gresskar

Sylta gresskar er eit fantastisk tilbehør til mange ulike rettar og råvarer. (oksesteik, vilt/hjort, kjøttkaker, ost, fisk). Den litt syrlige men samtidig søte smaken av gresskar, og eit hint av ingefær er veldig god. Prøv å bytte ut tyttebærsyltetøyet med sylta gresskar på neste middag.

ripsgele
Ripsgele

Smaken av nyplukka rips, den fantastiske smaken av seinsommer- fantastisk! Råvarene til all vår ripsgelee finn vi i Vetle Hardanger. Geleen er fantastisk til alle slags kjøttretter (tyttebærsyltetøyet sin enda meir smakfulle hageslektning).

eplemos
Eplemos

Dette er gull på glass! Nydelige haustmodne epler på glass. Like god på brødskiva som til den nydelige desserten, Tilslørte bondepiker. Til Tilslørte bondepiker gjer du slik: fyll pene, gjerne gjennomsiktige glass lagvis med 1. eplemos 2. piska krem med litt sukker 3. ein blanding av lettbruna karvingstrø, sukker og kanel, gjenta til glasset er passe fullt. Nam nam!

skogsbareddik
Skogsbæreddik

Ein fantastisk god bæreddik,- frisk og deilig smak av bær fra skogen (blåbær, tyttebær, villbringebær, krekling). God som salatdressing: bland 1/3 skogsbæreddik med 2/3 god olje (raps), slitt salt og pepper og det du vil av urter. Skogsbæreddiken set ein fin spiss på viltsausen (prøv deg fram med 1 ss om gangen).

sitron-limemarmelade
Sitron- og limemarmelade

Denne gode marmeladen er litt som ein engelsk marmelade,- søt, men ikkje for søt og litt bitter. Frisk og god frokostmarmelade.