474850167 606228455470418 218542243078718708 n

25 års jubileum

Det har gått 25 år sidan vi opna løo på Eikhaugen for gjester. Vi minnes alle desse åra med glede og smil, og ser tilbake på og tenkjer på alle dei fine menneska vi har fått treffe og bli kjent med.
Vi ynskjer ikkje å ha noko høytidlig feiring men ynskjer å samle dei som har vore våre gjester gjennom 25 år. Frå den spede begynnelse våren 2000, då det var kø rundt hjørnet på løo, mest ølsalg og så pizza kl 24. Sidan vart det konsertgjester, folk som har feira ulike merkedagar hos oss, vi har levert mat til ulike arrangement og til kunder i gardsbutikken og gjester på hyttene. Det er maaaange tusen gjester gjennom 25 år... Vi har plass til 60 denne kvelden.
 

Vi kjem til å lansere "OPEN MIKROFON",- der dei som vil kan fortelje ein vits, synge ein trall, fortelle ein god historie, egentlig det du ynsjker og vil dele med dei andre som er til stades denne kvelden.
Det blir ikkje bordsete med middag denne kvelden men blir servert litt god "barmat" til det du kjøper i baren. Vi set derfor prisen til kun kr 200,- pr person.
Vi sender ikkje ut invitasjoner til alle vi skulle ynskje å sjå på Eikhaugen Gjestegard denne kvelden men håpar at akkurat du vil koma å feire og mimre litt 8. mars.
Vi gleder oss til ein hyggelig kveld i gode venners og gjesters lag, litt knask å spise, litt musikk og dans, og forhåpentligvis gøye bidrag til "Open mikrofon"
Meld deg på ved å sende ein mail til post@eikhaugen.no med navn på dei som kjem.

Bilde: Siv og Arne Richard på opningskvelden, 10. mars 2000.